www.alta.folkebibl.no

Torsdag 12. september kl. 19.00 - 20.00

Nynorsk verdslitteratur til Finnmark!

Leite, Liss Jacobsen

Fem år med Ferrante, og nokre nye med Marasco – foredrag ved forfattar og omsetjar Kristin Sørsdal.

Kristin Sørsdal kjem for å snakke om arbeidet sitt med å omsette desse to forfattarane til norsk, om valet av nynorsk, om dialekt versus standardspråk, om dei gåtefulle trådane som knyter heile forfattarskapet til Ferrante saman, om dei like mystiske trådane som knyter mor og dotter saman i Marasco-romanen I kompani med oppdikta sjeler.

Velkommen!

I vår kom boka Frantumaglia av Elena Ferrante ut på norsk, ei bok der den fråverande forfattaren forklarer synet sitt på litteratur, på byen Napoli som motoren i skrivinga, og kvifor ho let alle dei litterære kvinnene sine frå Delia i Kvelande kjærleik til Elena og Lila i Napoli-kvartetten, møte lesarane sine aleine, utan å bli følgde av forfattaren. Også ein annan napolitansk forfattar kjem ut på norsk i år, Wanda Marasco (f. 1953). I romanen I kompani med oppdikta sjeler gir denne forfattaren eit like sterkt portrett av byen Napoli og tre slektsledd kvinner, men i ein heilt annan skrivestil enn Ferrante.

Kristin Sørsdal kjem for å snakke om arbeidet sitt med å omsette desse to forfattarane til norsk, om valet av nynorsk, om dialekt versus standardspråk, om dei gåtefulle trådane som knyter heile forfattarskapet til Ferrante saman, om dei like mystiske trådane som knyter mor og dotter saman i Marasco-romanen I kompani med oppdikta sjeler.

Kristin Sørsdal (1966) er lærar, forfattar og omsettar. På Samlaget har ho gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010), Guds hund (2013) og Mare (2017). Bortsett frå Elena Ferrante, har ho omsett sakprosaboka Grensa av Alessandro Leogrande (Cappelen Damm 2017), og Wanda Marasco, I kompani med oppdikta sjeler (Samlaget, mars 2019).

Arrangør: Varanger Mållag i samarbeid med Finnmark fylkesbibliotek, og med støtte frå Noregs Mållag, Norsk forfattersentrums medlemsfond, Samlaget og Finnmark fylkesbibliotek.

Kontakt oss!